Magnus Eide
Eg har alltid vore nysgjerrig på kva som skjer i oss menneske, kvifor vi reagerer som vi gjer, kvifor nokre mønster blir verande sjølv når vi ønskjer noko anna, og kva som skal til for at noko verkeleg kan endre seg.
Denne interessa er både fagleg og personleg. Eg har sjølv gått i terapi i over tre år, og har erfart kor mykje det kan bety å bli møtt av eit anna menneske med åpenhet, varme, nysgjerrighet og tålmodighet. Det har også gitt meg stor respekt for kor sårbart det kan vere å opne opp om det som er vanskeleg, og kor viktig det er å få nok rom til å finne fram i sitt eige tempo. Samtidig har det også gitt meg erfaring om endringene som kan skjer på innsida om en tørr utforske det vonde og smertefulle vi har med oss.
For meg handlar gode samtalar derfor ikkje først og fremst om å komme med raske råd eller finne ei løysing. Eg er meir opptatt av å forstå korleis det er å vere deg, kva du kjenner, kva du har lært å beskytte deg mot, kva du lengtar etter, og kva som kanskje har blitt vanskeleg å få kontakt med. Eg er særleg inspirert av Carl Rogers og emosjonsfokusert terapi, der relasjonen, følelsane og den enkelte sin egen oppleving står sentralt.
Fagleg bakgrunn
Eg studerer psykologi og nærma meg ferdig utdanna psykolog.
I tillegg har eg gjennomført ei rekke kurs og faglege samlingar innan emosjonsfokusert og opplevingsorientert arbeid gjennom Institutt for Psykologisk Rådgivning (IPR) og Norsk Institutt for Emosjonsfokusert Terapi (NIEFT).
Kursa har mellom anna omhandla empatisk arbeid, fokusering, emosjonell regulering, sorg, sjølvkritikk og skam, stolarbeid, og opplevingsbaserte samtalemetodar.
Fleire av kursa er godkjende av Norsk Psykologforening som vedlikehaldsaktivitet for psykologspesialistar.