Ta kontakt

Kanskje veit du ganske godt kva du ønskjer hjelp til, du står i sorg, sjølvkritikk, relasjonelle utfordringar eller eit mønster du kjenner at du ikkje kjem ut av åleine elle ønske utforske meir.

Eller kanskje det er meir uklart. Du kjenner berre at noko ikkje er heilt som du ønskjer, at du er sliten, uroleg, fastlåst, for mykje i hovudet eller litt langt borte frå deg sjølv. Du treng ikkje ha eit klart svar på kva du ønske hjelp med å utforske før du tek kontakt.

Det kan vere sårbart å sende den første meldinga. Du treng derfor ikkje skrive langt eller forklare alt. Nokre få ord om kva som gjer at du vurderer ein samtale, er meir enn nok.

Så kan vi saman finne ut om dette kan vere eit godt rom for deg.

Om du har det meir klart for deg, eller du ikkje ønske sende epost, kan du bare bestille ein time med ein gang.

Et trehvitt bord med en kaffekopp, et glass vann, en grønn notatbok med penn, og en vase med grønne blader. Sollys strømmer inn gjennom vinduet, og det er en stol med et stoffdeksel i forgrunnen.