Kom nærmere deg sjølv
Eit rom for å forstå deg sjølv betre
Samtalar med plass til det som er vanskeleg, uklart og viktig.
Du treng ikkje vere i krise, eller ha det «vondt nok», for at det som skjer på innsida skal vere verdt å ta på alvor. Nokre gonger treng vi eit rom der vi kan stoppe opp, bli møtt og utforske det vi kjenner.
Eg arbeider særleg med emosjonsfokusert terapi og mindfulness, med mål om større kontakt med eigne følelser, behov og reaksjonsmønster.
-
Sorg kan kome etter tap av eit menneske, ein relasjon, ein framtid eller andre viktige ting i livet. Det kan kjennast som å falle ned i eit botnlaust hol, utan å vite korleis du skal finne vegen opp att. Følelsen treng ofte å bli sett, tatt på alvor og få kjennast før den gradvis kan sleppe taket.
Saman kan vi gi sorgen plass og finne ein veg vidare.
-
Nokre menneske blir verande i oss lenge etter at relasjonen er over. Det kan være ein forelder, kjærest, sjef, søsken elle anna viktig person. Kanskje er det ord som aldri blei sagt, sinne som aldri fekk kome fram, eller eit håp du framleis ber på. Når det som står uoppgjort får bli møtt og uttrykt, kan det bli mogleg å sleppe taket på ein annan måte enn ved berre å prøve å gløyme.
-
Skam kan gi ei kjensle av at det er noko grunnleggande feil med deg. Sjølvkritikk kan ha mange ansikt, frå den harde kritikaren til ein tilsynelatande hjelpsam coach som stadig vil at du skal skjerpe deg, prestere meir eller bli betre. Mellom linjene ligg ofte den same bodskapen: Det du gjer er ikkje godt nok. Du burde vere annleis. Under dette kan det ligge noko langt meir sårbart. I samtalane kan vi nærme oss dette med varme og forståing, slik at kampen med deg sjølv kan få mindre plass, slippe meir taket og gi deg sjølv meir friheit.
-
Angst kan vise seg på mange måtar. For nokon kjennest det som uro eller frykt i kroppen, medan det for andre kjem som overtenking, grubling, behov for kontroll eller ein trong til å halde seg konstant opptatt. Ofte er dette måtar å prøve å halde ubehag på avstand. I samtalane kan vi utforske kva angsten prøver å verne deg mot, og kva som ligg under. Når du gradvis blir tryggare på å møte det som før kjendes overveldande, kan behovet for kontroll, unngåing og grubling få mindre plass.
-
Det å vere menneske inneber å leve med tap, avgrensingar, indre konfliktar og behov som ikkje alltid let seg foreine. Vi må ta val utan å vite sikkert om dei er rette, leve med ting vi ikkje kan kontrollere, og forhalde oss til at både vi sjølve og menneska rundt oss ein dag skal bli borte. Til tider kan dette kjennast overveldande og vanskeleg å stå i. I samtalane kan vi gi meir plass til desse spørsmåla, utforske kva dei vekker i deg, og finne ein måte å leve meir i kontakt med det som faktisk betyr noko og gir deg ein ny retning og meining i livet.
-
Komplekse traume handlar ikkje berre om det som skjedde, men også om korleis du måtte lære å forstå din plass i verden og i relasjon til andre. Kanskje lærte du å vere på vakt, tilpasse deg andre, halde eigne behov tilbake eller ta meir ansvar enn du eigentleg skulle. Etter kvart kan dette bli så kjent at det kjennest som ein del av den du er, og det kan vere lett å tenkje at problema er di feil. I samtalane kan vi prøve å forstå desse mønstera med meir varme, og gradvis skape meir rom for tryggleik, eigne behov og ein friare måte å vere deg sjølv på.