Individuell samtaleterapi

Mange kan opplever periodar der dei kjenner seg fastlåste, overvelda, usikre på eigne behov eller gjentek mønster dei eigentleg ønskjer å forstå betre. I samtalane er utgangspunktet at følelsane våre ofte prøver å fortelje oss noko viktig om det vi har opplevd, det vi treng og det som betyr noko for oss.

Eg er opptatt av å møte deg med varme, nysgjerrigheit og nok rom til at du kan utforske det som faktisk skjer i deg, utan å måtte prestere eller finne dei «rette» svara. Gjennom samtale, nærvær og oppmerksomhet på både følelsar og kropp kan vi undersøke det som kjennest vanskeleg, uklart eller fastlåst, og sjå om det finst nye måtar å forstå deg sjølv og situasjonen din på.

Kom nærmere deg sjølv med større klarheit, frihet og tillit til egen oppleving.

En person sitter på en sofa med hendene foldet i fanget, mens en annen person sitter overfor, antakelig i en samtale, i et rom med naturlig lys, et lite bord med et glass vann og en vase med grønne blader.

Emosjonsfokusert terapi (EFT)

Emosjonsfokusert terapi tek utgangspunkt i at følelsene våre har ein viktig funksjon. Dei fortel oss noko om kva som betyr noko for oss, kva vi treng, og korleis vi opplever oss sjølve og andre.

Gjennom livet lærer vi ulike måtar å forhalde oss til eigne følelser på. Nokon erfaringar kan gjere det vanskeleg å kjenne, forstå eller uttrykke det vi føler. Vi kan til dømes lære å halde tilbake sinne, skjule sårbarheit eller møte oss sjølve med skam og sjølvkritikk. Over tid kan slike mønster bli fastlåste og bidra til uro, nedstemtheit, grubling, relasjonelle vanskar eller ein følelse av å ha mista kontakten med seg sjølv.

I emosjonsfokusert terapi arbeider vi med å nærme oss og forstå det som skjer på innsida, framfor berre å forsøke å kontrollere eller unngå det. Gjennom å utforske følelser, kroppslege reaksjonar og underliggjande behov kan det bli lettare å forstå eigne reaksjonsmønster og møte dei på nye måtar.

Målet er ikkje å fjerne vanskelege følelser, men å utvikle eit tryggare og meir fleksibelt forhold til dei. Når gamle, fastlåste kjenslemønster blir møtt med nye emosjonelle erfaringar, kan det opne for større sjølvforståing, sjølvmedkjensle og nye måtar å vere i relasjon til seg sjølv og andre på.

Emosjonsfokusert mindfulness

Emosjonsfokusert mindfulness kombinerer perspektiv frå emosjonsfokusert terapi med mindfulness og meditasjon. Målet er å utvikle evna til å vere meir våkent, varmt og nysgjerrig til stades med det som skjer i oss – både tankar, kroppslege fornemmingar, kjensler og behov.

Vi har ofte ein tendens til å trekkje oss bort frå det som er ubehageleg, bli fanga av tankane våre eller automatisk reagere på det vi kjenner. Mindfulness handlar i staden om å stoppe opp og leggje merke til erfaringa slik ho er, utan å måtte endre, vurdere eller handle på henne med ein gong.

Når dette blir kombinert med eit emosjonsfokusert perspektiv, kan merksemda vendast djupare mot kroppen og følelsane våre. Gjennom meditative og opplevingsbaserte øvingar kan vi bli betre kjent med eigne reaksjonsmønster, sårbare og beskyttande kjensler og behova som ligg under.

Dette kan bidra til større sjølvmedkjensle, betre kontakt med seg sjølv og meir rom til å møte det som er vanskeleg på ein ny måte.